Me produserer kvalitetstrapper

OM OSS

Eit steg vidare, er vårt slagord og kundeløfte.

Hos Suldalstrappa arbeider me etter dette kvar dag når me produserer trapper.

 

Me skal forstå ditt behov, når det gjeld forslag til løysingar, val av materialer, overflatebehandling og ikkje minst sjølve monteringa. Me veit at du som kunde, er vår beste selger og ambassadør. 

 

Me er klare til å ta deg eit steg vidare, som ny og nøgd trappeeigar.

 

Som ellers i livet, handlar trappeproduksjon også om å ta nokre val, ikkje berre tilfeldige trinn. Treslag, farge, rekkverk, spiler, handlister og mykje anna er med på å forme ei god trapp. Me veit også at ei trapp i dag er eit møbel for mange. Fleire og fleire kundar oppdagar at ei flott trapp spelar ei viktig hovudrolle i huset.  Me som arbeider på Suldalstrappa produserer trapper etter ønske frå deg, og i lag med vår trappekunnskap, tek me saman eit steg vidare.

 

Me er gode på å konstruere, produsere og montere brukarvenlege trapper med høg kvalitet. Med andre ord; me utfører skikkeleg handverk.

 

Me tilbyr alt frå rimelege standardtrapper til skreddarsydde og unike trapper.

 

Me set stor pris på om du tek kontakt for ein trappeprat.